I dag er det bursdag. Bursdagen til ein særs viktig mann i Noreg si språkhistorie. Du kan kalle han pappaen til nynorsken om du vil. I dag er det nemleg 200 år sidan diktaren og språkforskaren Ivar Andreas Aasen vart fødd!
Dei aller fleste som kjenner meg veit at eg er ihuga nynorsk-brukar. Ein kan av og til lure på om det var medfødt, og delvis så er eg vel det. Etter å ha budd på Stord (årets nynorskkommune i 2009) i oppveksten og deretter i byen mellom dei sju fjell i over åtte år, vert dialekta og språket ganske så utvanna, eh, eg meiner utvatna…
I min kommunikasjon på e-post, og ellers andre stader ein skriv på nettet, gjekk det for det meste i blandingsmål og dialekt. Det var ikkje før min tidlegare sjef svara på ein e-post med følgjande spørsmål: «Kva språk nyttar du eigentleg? Då fall valet lett på nynorsk etter ganske kort tid. Eg har vanskeleg for å skrive ord som noe, jeg og ikke utan å gremmast…
Men nok om meg. I dag er det ein annan stor mann som skal hyllast. Nemleg mannen bak det heile: Ivar Aasen. Karen fyller nemleg 200 år i dag. Gratulerer!
Ivar Andreas Aasen
Aasen vart fødd i Ørsta 5. august 1813, og er ein velkjent språkforskar og diktar. Han var òg ein aldri så liten planteforskar ifølgje Wikipedia.
Han studerte mykje dialektar og i 1836, 22 år gamal, skreiv han eit essay kalla «Om vort Skriftsprog». I dette essayet tek han til orde for å skape eit nytt hovudspråk – opphavet til den moderne nynorsken:
«Vi trænge aldrig til at gaae udenom Grændserne efter et Sprog; vi skulde lede i vore Gjemmer, og see efter, hvad vi selv eiede, førend vi gik hen at laane af Andre. Ligesaa lidet, som det skulde hædre en fri Mand at aftrygle af Andre, hvad han selv havde Forraad af, ligesaalidet hædrer det os, at vi heller samle udenlandske Ord, end benytte dem, der almindelig kjendes og bruges i vore Bygder. (…) Skal vi da, tænkte jeg, give Slip paa denne kostelige Skat fra Fortiden, som vore Forfædre gjennem alle sine Trængsler have troligen bevaret og overladt til oss om en hellig Arv? Skal dens Besiddelse, saa retfærdig som den er, endnu gjøres os stridig, nu, da Folkefriheden atter befinder sig mellem vore Klipper?»
Ivar Aasen døydde 23. september 1896, 83 år gamal.
Nynorsk olje
Ivar Aasen er ikkje berre kjent for det skrivne ord frå 1800-talet. Den dag i dag pryder namnet hans eit nyare oljefelt, og leiaren i Noregs Målungdom Vebjørn Sture, har allereie slengt inn forslag om å omdøypa Oslo S til Ivar Aasen sentralstasjon. Ja, kvifor ikkje? Aasen reiste jo mykje rundt i landet vårt i si tid…
Nynorskstafett
I høve 200-årsjubileet til Aasen og Språkåret 2013, skipar Noregs Mållag til ein aldri så liten nynorskstafett rundt om i landet vårt – i god gamal Aasen-and. Her på Stord kan du møte den knall oransje bilen saman med Stord Mållag 20. august, då Nynorskstafetten startar opp att etter ein sommarpause. Møte med kommunen, skulebesøk, barnehagebesøk, bibliotek, stand, bedriftsbesøk og kulturkveld er nokre av tinga som står på plakaten.
Les meir om denne vesle fine mannen på den nynorske Wikipedia!
PS: Før du kjem med korrigeringar på nynorsken min (som du absolutt er oppfordra til å gjera), hugs at eg stadig lærer. Nynorsken er eit ungt språk!
9 Comments
Jostein Sydnes liked this on Facebook.
Marielle Berge liked this on Facebook.
Harriet Juhlin liked this on Facebook.
Veronica Danielsen liked this on Facebook.
Berit Nysæther liked this on Facebook.
Kjersti Sandstad Nes liked this on Facebook.
Joachim Tingvold liked this on Facebook.
the unborn chikken liked this on Facebook.
Anette Landa Helland liked this on Facebook.