Det er språkåret 2013, ei feiring av det norske språkmangfaldet og for å markere at det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. Noregs Mållag bidrag til språkåret er å arrangere ein nynorskstafett, og i sin knall oransje bil skal dei ferdast rundt om kring til 143 stoggestader for å fortelja om kven, kva og kvifor innan nynorsken. Nynorsken er absolutt til stades i dagens Noreg!
Startskotet for stafetten går i dag på Ivar Aasen-tunet i Ørsta, så er du i nærleiken er det berre til å møte opp!
Du kan følgja stafettbloggen her.
Vert du sjikanert som nynorskbrukar?
Det er mange hendingar som er planlagt gjennom året, og eit av det står Studentersamfunnet i Bergen bak. Dei inviterer nemleg til Ivar Aasen-andakt, og vil at du skal koma og sjikanera bokmålsbrukarar utan å få noko tyn tilbake! Sjekk ut kalendarenhendinga her.
3 Comments
RT @marzhal: Bloggen: Klar, ferdig, gå, nynorskstafett! — http://t.co/caQkTzDi #nynorsk @noregsmallag @AasenIvar
[…] høve 200-årsjubileet til Aasen og Språkåret 2013, skipar Noregs Mållag til ein aldri så liten nynorskstafett rundt om i landet vårt – i god gamal Aasen-and. Her på Stord kan du møte den knall oransje […]
[…] eg skreiv om i januar, så er Noregs Mållag på ei reise rundt i landet, ein såkalla nynorskstafett, som sitt bidrag […]