Dei to karane er Sindre Bremnes og Frode Bo Helland (lenkjer til artiklar hjå Grafill). Begge to er ekte nørdar innan typografi, og står for kompetansen i det nye skriftforlaget kalla Monokrom. I følgje pressemeldinga dei sendte ut har dei ein visjon om å løfte nivået på norsk typografi, sidan Noreg er eit u-land når det kjem til kunnskapen og å teikne skrift.
Skriftforlaget vart starta seint i 2012, og såvidt eg veit (og mange andre med meg) er det Noreg sitt fyrste skriftforlag. Dei skapar altså litt noregshistorie her altså.
– Hallo? Hei!
Monokrom har spesialisert seg på skrifter til bruk på nett og andre digitale media, men skapar også skrifttypar etter bestilling. Ei av skriftene eg beit meg merke i var skrifttypen Telefon. Den er basert på, ja akkurat, dei gamle norske telefonkioskane som du ringde heim til ho mor — eller ho du var hemmeleg forelska i…
Besøk nettstaden deira her.
4 Comments
Kim Jægersen liked this on Facebook.
Silvia Karlsen Holley liked this on Facebook.
En god start :) Blir spennende å «følge» disse gutta framover…
RT @marzhal: Bloggen: Norsk skriftkunst i svart og kvitt — http://t.co/qvSmYQOK #typografi #skrift @monokromfonts