Fønd

Har du drøymt om å realisere ein idé men manglar nokre kroner? Redd for at du må gjennom alt for mange ledd berre for å få avslag? Vel, då har eg gode nyhende!

Du har sikkert høyrt om tenesta Kickstarter, tenesta der amerikanske og britiske gründerar ytrar ynskjer om sponsa midler til å få realisert draumeprosjekta sine. Tenesta er såkalla crowdfunding, der du og eg spyttar i nokre kroner for at prosjekta vert gjennomført.

Det er mange om beina her, men norrøne skapningar som oss får uansett ikkje delta og å realisera våre idéar gjennom denne sida kan me jo berre gløyme. Me har jo alltids Innovasjon Norge, men den er jo styrt av staten og ikkje oss vanleg dødelege…

Heldigvis er ting i kraftig endring!

Takka vera fem engasjerte norske gutter vart nemleg Fønd, Skandinavia sitt svar på Kickstarter, lansert. Her kan no nordmenn leggje ut informasjon, idéar, bileter av prototypar osb., for å fortelje deg og meg om potensialet i sitt produkt. Her er det opning for tilbakemelding frå forbrukaren og markedet, samt rom for innovative nyvinningar!

Her er eit klipp frå filmen «Pornopung», som er eit prosjekt du kan finne på Fønd.

Naturleg nok er det per i dag ikkje mange prosjekter som er lagt ut, men dette reknar eg med tek seg opp etterkvart. Verdt å nemne er at filmen Pornopung, basert på boka, er på lista over prosjekt som treng fønding for å verta gjennomført som ynskja.

Sjekk ut Fønd! Kanskje ditt draumeprosjekt endeleg kan verta verkeleg?

4 Comments

Hei Espen,
Så utrolig morsomt at du tok deg tiden til å skrive litt om oss. Det er utrolig motiverende å se at mennesker som nettopp deg ser potensiale i oss. Det er uten tvil en av motivasjonsfaktorene våre som gjør at vi så inderlig vil realisere Fønd for å gi nordmenn en skikkelig crowdføndingsplattform.
– jonerik

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.