Eg ser på meg sjølv som ein som er relativt glad i alt det Apple produserer. Vil ikkje sei eg er ein fanboy, men eg følgjer godt med når dei har noko nytt i ermet.
I det siste har eg derimot óg fulgt godt med kva leiren i Microsoft har kome på bak låste dører. Med deira største nyheit Surface, kan dei kanskje stjele litt andelar frå Apple sitt nettbrett-marked. Det eg, og sikkert mange med meg, er at Microsoft i lengre tid har slitt med å «finne seg sjølv» både når det gjeld produkt og profilering.
25 år sidan sist…
I går kunne ein derimot lese på den offisielle bloggen til Microsoft at dei no forandrar på logoen til sjølve selskapet – for fyrste gong på 25 år! Samstundes oppdaterte dei logotrekka på Windows, Xbox og Office. Sjekk videoen under for ein liten kikk.
http://www.youtube.com/watch?v=OzkZWvAJUr0
Men, det må alltid vere eit men med Microsoft… Logotrekka til Windows og Office likar eg kjempegodt, men den nye «looken» til hovudlogoen har nokre steg att på vegen mot å virke meir framtidsretta, meiner eg…
Så kva burde ha vore gjort?
Akkurat kva som bør gjerast er eg ikkje heilt sikker på, men 21-åringen Andrew Kim, bak nettstaden Minimally Minimal, har derimot teke alt deira nye eit par steg vidare i absolutt riktig retning. Han har nemleg i løpet av tre korte dagar denne sommaren gjort ein redesign av profilen og heile portefølja til selskapet. Den er rein, vakker og gjennomført.
Kanskje Microsoft burde ha sjekka ut hans meiningar fyrst? Uanskvett vert det mykje spennande å fylgje med på framover…