Det er ikkje store greiene, men eg sat her om dagen og lurte fælt på kva eg skulle ha som skrivebordsbakgrunn på arbeidsmaskina mi. Eg fann ikkje på noko som passa så godt, difor laga eg rett og slett ein flett ny! Ein skrivebordsbakgrunn/skjermsparar som var midtpunkt på skjermen og som ikkje gjorde så mykje ut av seg, med det i tankane at det kunne kome mengder av ikon på skrivebordet…
Eg har laga til nokre storleikar som fungerer på dei fleste maskinar og andre elektriske duppedittar:
- 2880×1800 (15″ Retina MacBook Pro)
- 2560×1440 (27″ Cinema Display)
- 2048×2048 (Retina iPad)
- 1920×1200
- 1920×1080
- 1024×768 (for dei som måtte ha det, inkl. min gamle bærbare travar…)
- 640×960, med namnetrekk (Retina iPhone 4S)
- 640×960, utan namnetrekk (Retina iPhone 4S)
- 480×800 (Samsung SII)
Om du vil ha andre storleikar, ikkje nøl med å ta kontakt i kommentarfelta under!