Nok ein gong skal me innom InDesign, men berre for å vise kva moglegheitar du kan ha med ei skrift med OpenType-funksjonar. Eg seier ikkje at alle skrifter av denne typen har dette, for det er det ikkje, men det er fullt mogleg. Ei av funksjonane som finst og som er mest nytta er ligaturer.
Ei skrift som har dette er Minion Pro. Dersom du nyttar denne i InDesign kan du ved hjelp av tilleggsmenyen få nokre artige uttrykk på same tekst. Berre sjå i eksempelet over. Nokre meir diskrete og nyttige enn andre, men dette er noko du kan velgje ut i frå formålet.
Dette er kanskje eit lite tips, men eg tenkte eg skulle tipse deg om det likevel.