På nettstaden Draw a Stickman vert du møtt av eit lite kvitt felt og får beskjed om å teikne ein strekmann. Kva teiknar du? Ein slik du teikna i barnehagen, eller let du hjernen få fritt spelerom og kreerer eit litt meir omfattande kunstverk?
Det har eigentleg ikkje noko å seie, men eg kan love deg at det vert meir underhaldande etterkvart om du startar med noko litt ekstra. Etter du er ferdig med strekmannen din og trykker deg vidare, får du forskjellige oppgåver du skal utføre. Alt ved hjelp av strekteikningar. Enkelt og greit, eller kva? Have fun!
1 Comment
[…] du sidan med strekmannen eg presenterte for deg i oktober? No har gjengen i reklamebyrået Kentucky Web Design lansert episode to av eventyret […]