For tredje året på rad finn musikkfestivalen Øyo stad på HSH her på Stord 26. februar. Denne festivalen må fortsatt ikkje forvekslast med ein viss annan festival på autslandet, noko som burde vore lett med tanke på at Øyo held til inne i ein skulebygning og ikkje i ein middelalderpark. Fordelen eg ser med å halde festival innandørs er jo absolutt dette med at uanskvett kor j… vêret er ute, er det alltid like «tørt» på bakken. Men nok om slikt. Lat oss gå over på det som faktisk gjer Øyo 2011 verdt å besøkje — nemleg artistane.
Artisteri
Dette er ein liten og lokalt inspirert festival, noko artistgalleriet bærer preg av. Til tross for dette har dei fått tak i aktuelle band som bergensbandet John Olav Nilsen & Gjengen, Årets Urørt-vinnar Honningbarna og det kompakte firemannsbandet Kråkesølv til årets hending.
Sjølv om dette er store namn i denne vesle samanhengen er det mange lokale band eg gledar meg til å sjå — og for den del høyre — på årets festival. På fredagens vorspiel-hending stiller blant anna Cecilie Anna og John Martyr and the messenger på scena, mens på sjølve festivaldagen, laurdagen, byr Wonderbelly (du kan sjekke deira arkiverte nettside, som eg laga i si tid, her) på reunion og deira musikkrepetoar frå då dei rocka og poppa utestader på 90-talet. Fyrstnemnte er ei venninne av meg som med si silkeklåre stemme og fingerferdigheita på stringinstrumentet sitt gjer opplevinga fullkomen! Dei to sistnemnte er henhaldsvis banda til min svoger og eldste bror.
Stordbandet Wonderbelly skal, som nemnt, ha reunion på årets Øyo-festival. Etter dei la bandet på hylla i 2001/2002, bestemte dei seg i år for å ha ein konsert med eit knippe av deira favorittar. Dette kan vel seiast å vere mitt høgdepunkt å få med meg!
Eit anna band som vert verdt å få med seg er sjantikoret Storm Weather Chanty Choir. Koret som også har rot på Stord, stiller med tingingsverket til årets festival, nemleg deira tolkning av Tom Waits. Dette vert noko anna enn deira vanlege «hiv og hoi»-tone!
Såeh…
Konklusjonen min er altså: Skal du på ein festival i mørketida og du befinn deg på Vestlandet rundt 26. februar, er Øyo-festival verdt å få med seg. Sjølv så skal eg faktisk investere i fleire billettar til nokre vener av meg i dag, noko kanskje du også bør. Ryktene seier nemleg at det minkar på ledige billettar. Som friviljug på festivalen har eg det frå ganske sikre kilder!
Les meir om artistane og kor du kjøper billettar på deira heimesydde nettstad!
1 Comment
Gode bookingar i år! Gler meg kanskje aller mest til dei lokale banda, det blir spennande! Men Nilsen og co. blir sikkert også fett!