Det italienske reklamebyrået H-57 har laga mykje fint opp gjennom, men det som har fanga mi, og ein del andre si interesse er nokre plakatar med motiv av kjente Star Wars figurar.
Kva har figurar med typografikalenderen å gjere, seier du? Jo, det er fordi desse figurane er laga heilt og fullt av bokstavar og teikn. Det er vakre å sjå på, men diverre er dei ikkje for sal — endå. Byrået jobbar med å få lisensiert arbeidet slik at dei, på grunn av den voldsomme merksamden dei opplev, kan trykke dei opp og selje dei til Gud og einkvar.
Me får vente i spenning!