Helvetica vs. Arial er ein applikasjon som burde vere installert på alle typografielskarar sine mobiler — sett at ein har iPhone då sjølvsagt. Denne applikasjonen skal skilje klinten frå kveita når det kjem til kven som kan typografien sin uskrivne regel nummer ein: Ser du skilnaden på Helvetica og Arial?
Dersom du er i små tvil og har lyst å få nokre gode hint på kva skilnaden er, bør du ta ein kikk på denne artikkelen av I Love Typography.
Post gjerne dykkar toppskårar i kommentarfeltet under. Eg kan seie fyrst som sist at eg sjølv slit med å sjå dei største skilnadane, og kan ikkje akkurat skryte på meg den høgaste skåren…
1 Comment
[…] er allereie nemnt tidlegare i kalenderen, men sidan det er mange der ute som elskar denne skriftfamilien dukkar det støtt og […]