Eg har ein del års erfaring innan typografien, men eg skal i dag overlate scenen til Ilene Strizver. Ho har har skrive ein god og forklarande artikkel hjå Creative Pro om kvifor det rett og slett er ulovleg, gjerne kriminelt, å skvise eller strekkje skrifta til det groteske. Saman med beint fram enkel grafikk illustrerar ho poenget.
Kort oppsummert for dei som ikkje vil lese engelsk: Ikkje skvis, knip eller strekk åndsverka!
Som sagt i innleiinga er det ein grunn for at skrifter inneheld fleire snitt til bruk i forskjellige samanhengar. Søk og du skal oppdage at det er lett å halde seg på den «lovlydige» sida av typografien!
Forøvrig kan du lese meir typografirelaterte og samfunnsnyttige tips på hennar eigen nettstad: The Type Studio.
1 Comment
[…] This post was mentioned on Twitter by Jostein Sydnes and Jostein Sydnes, Espen M. Kvalheim. Espen M. Kvalheim said: the unborn chikken: Kvifor skvising er ulovleg http://bit.ly/eKf42K […]