Ka farsken?
Horungar er på fint kalla lause eller foreldrelause linjer, men dei uttrykker liksom ikkje skikkeleg kva det er snakk om. Hor er jo fyfy, så horunge meiner eg det er best å omtale desse linjene for. Det er også det namnet eg fekk forkynt under mi utdanning og læretid. Desse lause linjene dukkar diverre opp når du minst vil ha dei, og sjølvsagt øydeleggjer dei for designet og særleg typografien.
Det finst fleire typar typografiske horungar. Dei to eg meinar du bør vite om er den tyske og franske. Eg skal i dag gje deg ei kort innføring i forskjellen.
Tysk horunge
Dette er den originale, og verste, typen av horungar der ute. Slike er verkeleg fyfy i grafisk design. Enkeltståande og avsluttande tekstlinjer, som i eksempelet over, går under dette namnet.
Fransk horunge
Avsnitt som startar på siste linja i ei spalte/side vert kalla franske horungar. Dette er fortsatt ufine linjer, men er i dag meir sosialt akseptert og kan gå til nøden.
Enker
I tillegg til horunger er det også noko som er kalla for enker. Dette er ord som kjem åleine på ei avsluttande linje. Desse er, som franske horungar, også meir aksepterte i typografien, men eg jobbar alltid for å få bukt med desse i mitt daglege verke.
Ei oppmuntring til oss menn heilt på tampen
Som mann er det ikkje oppløftande lesning når man ser på namna desse typografiske utfordringane. Om det er dagens knappe tidsfristar som gjer at slike typografiske «ujamnheitar» oftare og oftare dukkar opp er uvisst, men om det er nokon trøyst er du i alle fall ikkje åleine. Me som jobbar med (mengde)tekst finn alltid minst ein slik horunge i kvart magasin/avis me brekk om, til tross for korrekturlesing opp og ned i mente…