Det finst mange gode teikneserier der ute og variasjonen av type tema som vert teke opp er stor. I mi sporadiske surfing på veven dukkar det stadig opp noko nytt å fortelje om. Denne gong er det ei ny finurleg stripe på nett som kanskje er verdt å tipse deg om…
Handlinga i stripene føregår i det fiktive firmaet Schitzen & Plumstead som driv med digital markedsføring, og det fell då naturleg at stripa omhandlar veven, dens mange kreatørar og deira ytringar. Det er nesten som eg kjenner meg att i det meste…