Knask på ein fredag: April

«Kom mai du skjønne milde, gjør skogen a-atter grønn» vert det snart sunge. Men før kalenderen skal vise at det er mai, må me fyrst gjere oss ferdige med alt knasket som dukka opp i påskeegg og på nettet i april. Eventuelt kan du kjøpe ein blomst til den du elsker og ein til kona di, eller sende inn sjølvmeldinga. Valet er ditt.https://www.unbornchikken.com/wp-admin/post.php?post=2522&action=edit

«Kom mai du skjønne milde, gjør skogen a-atter grønn» vert det snart sunge. Men før kalenderen skal vise at det er mai, må me fyrst gjere oss ferdige med alt knasket som dukka opp i påskeegg og på nettet i april. Eventuelt kan du kjøpe ein blomst til den du elsker og ein til kona di, eller sende inn sjølvmeldinga. Valet er ditt.

NoPattern

Mannen bak NoPattern, 25-åringen Chuck Anderson, er glad i fargar – veldig glad i fargar. Du ser ein gjennomgåande bruk av alle regnbogens fargar i arbeidet hans, strukke frå pakningsdesignet til operativsystemet Windows 7 til årsrapportar for Anti-Defamation League. Andre klientar han har på si liste er blant anna Adidas, Google, Pepsi og Vans. Ein ganske så kreativ ung mann me har her altså!

Walter Design

Ole Christian Storesund hadde lenge si fartstid i Knudsen Grafisk før han no har starta sitt eige designstudio: Walter Design. Han er ein gamal kjenning av meg frå mi tid i Bergen, og eg kan bekrefte at denne karen er ein kreativ fyr! Det er ikkje utan grunn at han blant anna i 2004 vant  NM i grafisk design for lærlinger og unge faglærte.

Function

Denne har eg faktisk nemnt før, men ettersom det er gått to kreative år sidan sist er det kanskje greitt å nemne dei igjen. Function jobbar for fyrsteinntrykket i deira prosjekter, og for at den gode opplevinga vedvarer. Dette er flinke folk som blant anna lagar temaer til CMS og ikoner i massevis. Verdt ein kikk? Jepp!

Heavy Eyes

Joe Burke, Jamie McDonald og Tom Browning er tre menn som liker fine ting og elsker å vise det. Dette vert gjenspegla på nettstaden deira Heavy Eyes. Her presenterer dei ein heil del bra for oss frå designverdenen, både frå trykk og utstilt kunst til meir digitale. Snadder? Jepp.

Tobias Sahlin

Eg stjeler eit uttrykk frå ein av mine gode vener for å definere denne portefølja: Gukkå! Tobias Sahlin kjem frå Sverige. Som kjent er dei svenske jentene/damene relativt fine. Eg skal ikkje meine noko særleg om utsjånaden til denne karen, men det han lagar er ganske så lækkert å sjå på. Det verkar som dei fleste som går og har gått på den svenske skulen Hyper Island er, ja, rett og slett hyperkreative…

Kva skjer i kulissane?

Har du nokon gong lurt på kva som kanskje har vore tanken bak, eller kva som dukkar opp i hovudet på ein illustratør når han besøker ein gitt nettstad? Om du ikkje stoppar å lure etter å ha sett bloggen til Ricardo Gimenes, Behind the websites, ynskjer eg deg lykke til vidare i jakta på betre sider som kan illustrere temaet…

Uspesifisert

Denne sida kan gje deg frysningar på meir enn ein måte! For det fyrste er det ei kampanjeside frå Amnesty International for å stoppe forfølgelse, tortur og andre brudd på menneskerettigheitane. For det andre tek du verkeleg del i handlinga om du velger å skrive inn namn og nummer når du entrar sida. I say no more…

Ikoner/brusher

Korleis printe frå ein iPad?

Til slutt kan eg avsløre eit killer-tips for dykk som måtte ha utfordringar med å skrive ut frå iPad. Kven snakka om framskritt?

1 Comment

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.