Denne saka vert kanskje kasta i skuggen av fredagens knask, men eg føler at mennesker som Srdjan Kirtic som lever og åndar for kreativitet bør få ein eigen spalteplass. Elskar du logoar, bør du absolutt ta ein titt!
Nokre fører kvar dag inn i dagboka si med hendingar som er verdt å nemne for ettertida. No veit eg ikkje om Srdjan Kirtic fører ei vanleg dagbok, men er ganske sikker på at han er ein ganske så kreativ type. Han har nemleg eit prosjekt gåande der han kvar dag i eit heilt år, altså 365 dagar, skal lage ein ny logo. Alt frå dei genialt bokstavelege til dei meir avanserte typane.
I skrivande stund har han publisert 115.
Eg må innrømme at eg ikkje har sett gjennom og studert alle logoane, men ein av mine favorittar er nummer 78, kalla «Clumsy». Den har eit reint enkelt uttrykk, men viser likevel alt den skal vise for å illustrere noko klumsete. Og så er den søt.