Ah, fredag… Ingenting er som dei fine bokstavane på kalenderen, i alle fall no som våren nærmar seg stadig. Fuglane kvitrar og blomstrane byrjar å florere rundt husa. Nei, slapp av, eg lovar at eg ikkje skal spolere dagens knask med plantetips!
Morphix Design Studio
Morphix er eit designfirma stasjonert i Slovenia og driv med design på veven, illustrasjonar og firmaprofilering. I tillegg til at hovudsida deira har eit relativt friskt design har dei også nyleg redesigna bloggen deira som også tek seg rimeleg godt ut.
Blanke ark og teiknestiftar
Head of Crayons er ei enkel men genial side for inspirasjon. Her kan du finne alt frå plakater og biler til teikningar og installasjonar som kanskje kan frambringe litt idéar i hovudet ditt. Finn fram teiknestiftane og sett i gong!
David DeSandro
David DeSandro er ein mann som elskar det å forme det augo ser på skjem, noko som du får bekrefta når du les gjennom innlegga hans. Blant anna har han laga logoen til den norske nettlesaren Opera berre ved å nytta seg av CSS3. Litt artig er det likevel at du må ha andre nettlesarar enn Opera (og Explorer 6, 7 og 8) for å sjå den skikkeleg. Niftig er det uanskvett!
Knipp, knapp, knute…
Ordspilla mine er heller dårlege, men hjå Tuttoaster kan du uansett laste ned eit sett med totalt 200 «knappar» (20 ikon x 10 forskjellige fargar) du kan dra nytte av på nettsida di.
Tvitre dit, tvitre datt…
Sjølv om antall registreringar på kortmeldingstenesta Twitter har gått ned, tvitrar me som aldri før. Har du i tillegg ei nettside der du har lyst å promotere denne tenesta, kan du ta turen til Webdesigner Depot og laste ned eit av dei 50 ikona dei tilbyr sine lesarar. Dei fins attpåtil i både .png og vektor-format…
Kva om Google tok heilt over?
Har du nokon gong lurt på korleis logane til nokre av dei største firmaene i verda hadde sett ut dersom Google hadde tatt over og dratt deira profil inn? Hard setning det der, men Logo Guru forklarar litt nærare på si nettside kva dei tykkjer.
5 Comments
Virkelig inspirerende teksten i begynnelsen hehe, den ble herved min facebookstatus. Tror min stakkars bestemor kanskje ikke liker den, men pytt sann ;)
Enig i den, det er eit godt poeng, sjølv om den kanskje ikkje er så altfor oppløftande :)
Hvordan klarer du å leite opp knask uke etter uke? Det er lov å kutt ned til en gang i måneden! Du må få tid til å jobbe også vet du, haha.
Uansett imponerende! :D
Eg klappar med henda så kjem både lyset og knasket på plass… Enklast i verda :D Men frå spøk til kaktus: Vurdere ganske sterkt å presse det utover til ein gong i månaden att. Det er kanskje ein smule overkill å ha det så ofte som no…
Jobbar også med mykje knask relatert til sida mi også, men dette lar naturleg nok vente på seg når man har kjøpt eit gamalt hus…
Ikke sant! Og med en gang i måneden økes kvaliteten, og vi andre kan bare sitte og glede oss :D Hehe!