Eg er eit vanedyr, særleg når det kjem til små programmer som gjer kvardagen enklare og kanskje også ein heil del meir effektiv. Hadde eg hatt ein Intel-basert Mac hadde Alfred glatt vorten min nye ven.
Alfred App er ein «Quicklaunch»-applikasjon til Mac (foreløpig Intel-baserte) som med sin geniale enkelheit finn det du er ute etter. Det vere seg lokalt på din datamaskin eller på nettet. Quicksilver har meg bekjent trona på toppen når det gjeld slike program, men slik eg (og AppStorm) ser det kan det virke som Alfred er på veg oppover i ein durabeleg fart. Dette også til tross for at applikasjonen fortsatt er i beta.
Kva meiner du? Har Alfred ei god framtid, eller er det Quicksilver som gjeld heretter også?
2 Comments
Kan no informere om at denne herlegheita også er komen i PPC-versjon: http://help.alfredapp.com/ppc/
[…] er ein lettvektar innan indekserings- eller snarstarts-applikasjonar. Eg har skrive om denne før, men nemner det gjerne om att: Denne er genial til å opne programmar og kontakter raskt i Mac OS […]