Lei av å måtte føre alt over på minnepennen for å ta med deg filer frå ei maskin til ein annan, eller ynskjer å synkronisere filer på ein god måte? Løysinga ligg bak luke 23.
Dropbox er genial i sin enkelheit: Du opprettar ein konto på nettet, installerer eit innstikk (plugin) på maskina di og vips så har du tilgong til filene dine kor du enn måtte befinne deg i verda. Kvar gong du lagrar eller endrar filer i ei gitt mappe, oppdaterar den seg automatisk til nettet.
Har du i tillegg installert denne funksjonen på to maskiner og kobla dei opp mot same konto, er fila oppdatert neste gong du går på nett med den maskina også. I tillegg kan du invitere og dele mapper med andre. Eg har nytta denne tenesta, dagleg og kan anbefale det på det sterkaste!
2 Comments
Gløymde å nemne at du kan få
opptil 1 gb (maks 3 gb total plass med gratis konto)eindel ekstra lagringskapasitet dersom du gjennomfører eit par enkle steg!På ubuntu 9.10 følger det med innebygd «Ubuntu One», som egentlig er noe lignende som Dropbox – cloud computing som det heter. Du får 2gb lagringsplass gratis, eller 50gb om du betaler $10/mnd.
Har ikke brukt det så mye enda, men tenker å bruke det mer på nyåret, i tjueti.