Det er ikkje så mange gode alternativer når man skal velge ein og same e-postklient på både Mac og PC. Løysinga på utfordringa ligg bak luke 18.
Mozilla sin Thunderbird har no kome ut i versjon 3, og det både for brukarar av Mac og PC. I forhold til førre versjon er denne utgåve raskare, meir stabil og endå lekrare å sjå på. Eg nyttar den både på heimemaskinen min (PC foreløpig) og på arbeidsplassen (Mac). Kan bekrefte at dette programmet er verdt dei få minutta du brukar på å laste det ned og installere – gratis er det også. Programmet er tilgjengeleg på eit stort antal språk, sjølvsagt også nynorsk…