Dei er rundt oss overalt. Du ser dei heile tida, men kva er tanken bak? Kvifor er dei raude? Gule? Grønne? Eller regnbogefarga? Det er snakk om logoar bak luke 14.
Logo Blog er verkeleg dedikert i arbeidet med å presentere nye logoar og redesign av gamle og kjende logoar. Det er jo snart årskifte og i den anledning har dei sjølvsagt ein oppsummering på kva logoar som har vore fiksa på i løpet av året. Du kan også finne ut ein del om dei forskjellige byråa som tilbyr logodesign, både i USA og internasjonalt. Alt i alt eit side som må besøkjast dersom du er over gjennomsnittet interessert i denne type design!