Reklamebransjen og det dei kjem opp med kan oppfattast som både hardt, irriterande og unødvendig, men etter mi meining motseier eksempla som eg kjem med i dag dette ganske kraftig.
Morosame annonser
Kreative folk og kreative idear er viktige i reklamebransjen. Det vises også att i utvalget Webdesigner Depot har plukka ut her.
Det finnes også mange gode TV-reklamer der ute, norske inkludert. Norsk Tipping sine er jo klassikarar å rekne. Under er ein frå Toyota. Ikkje den mest morosame, men likevel eit artig avbrekk i ein ellers kjedeleg reklamepause:
«Mørke» annonser
I tillegg til å presentere ei røys med morosame annonser, har også Webdesigner Depot ein artikkel som omfattar litt «mørkare» annonsering. Sjå sjølv!
Kutt røyken
Det er vel mange av dei som ynskjer å stumpe røyken for godt, og kampanjane på kor farleg det er florerer der ute. Behance Network har lagt til ein serie med artige «Stump røyken»-kampanje. Verdt ein kikk!
Klassiske amerikanske annonser
Kanskje litt overkant av Pepsi-reklame her, men la oss ikkje henge oss opp i småting. Dessutan drikk eg aldri Pepsi eller brus generelt… Poenget er at dei ser ut til å kunne lage gode reklameannonser/-plakater på 1950-talet også. WordPress Arena har samla 50 av dei slik at me kan verta inspirert. Om du vil sjå meir 50-tals grafikk/materiell, kan dei også anbefale nettstedet Plan 59.
Å ha trua på reklame…
I Believe in Advertising trur eg har nemnt for deg før, men det er ei side som er verdt å nemne igjen. Her finn du ein salig samling av gode annonser, TV-reklamer og andre kommunikasjonsmessigheitar. Sikkert eit nytt ord det siste der, men hos meg er alt lov.
4 Comments
tilbakeping: Topsy Twitter Trackbacks
19. november 2009, 17.17
Mye bra, mye bra. Bra gjennomført den reklamen til Toyota btw :)
Meinar slike bilreklamer er eit lass betre enn der du ser bilane danse gjennom gatene (ref. Qashqai/Nissan).
Gøy når dei gjer det litle ekstra generelt sett!
Ja. Jeg kan tenke meg at det var litt dill å få til den reklamen perfekt. Endel koordinering kan man si :)