Det har aldri før vore så mykje fokus på at alt rundt oss som vert produsert og bygd skal ha ein viss miljøvenleg side ved seg. I dag er det «Blog Action Day» og eg vil difor setja eit lite fokus på kva designarar gjer for saka.
Den miljøvenlege skrifta
Ecofont er genial i sin enkelhet. Den er basert på Vera Sans og er rett og slett gjennomhola for å spare miljøet. Slik kan du eller di bedrift spare opptil 20 % på blekk og papir. Fiffig.
Miljøvenleg design
Bømlo Vidaregåande skule (tidlegare Olavskulen) har ei linje der dei forkuserar på at det er mykje som kan nyttast om igjen av dei 1,67 millioner tonna med husholdningsavfall me kastar årleg.
Kva med vevdesign, er det miljøvenleg?
Om datamaskina di er ny og ikkje inneheld for mykje miljøfarlege komponentar, og du i tillegg får strøm frå solceller eller ei vindmølle, er nok kva som helst nettside miljøvenleg. Ein annan ting er korleis dei er designa og presentert. EcoIron har ein artikkel frå 2007 som meinar at om Google hadde skifta frå kvit til svart bakgrunnsfarge på sida si, ville det på verdsbasis spart miljøet for 750Mw-timer i året. I den forbindelse vart det laga ein fargepalett på seks fargar som brukar 3-4 watt meir enn ei heilt svart nettside. Dette er vel og merke på gamle CRT-skjermar, men reknar med at det har eit visst utslag for nye LCD-skjermar også.
Under er eksempler på nettstader som som set vertfall to ting i førarsetet, nemleg rein kode og design.
Studio 7 Designs
Stikk til skogs!
Go Clamping er rett og slett ei nettside som hjelper deg gjennom jungelen av telt, karavaner og andre camping-relaterte produkt.
Russisk blomster
Russisk familiefirma som lever av å produsere og selje dekorative blomster frå eit rikt artsmangfold. Trur eg. Min russiske er heller dårleg.
53mondays
53mondays driv med økologisk vevdesign. Dei har ei liste over ting som dei skal gjennomføre for å oppnå målet om å vere miljøvenleg på design. Blant anna at det ikkje skal skrivast ut eit einaste papir i prosessen med å designe ein ny nettstad.
Kva eg har gjort for miljøet?
Vel, eg pleier sjeldan å skrive ut e-postar og eg likar å skissere diverse design på papir før eg skrur på datamaskina. Ellers sorterar eg alt mitt avfall som alle andre her på øya. Eg er rett og slett ein flinke og miljøvenleg gut! Flaks!
Kva har du gjort for miljøet?
Anten det er innan vev, design eller andre områder har me vel alle ei lita miljøsparingtenking. Nemn gjerne kva du gjer i kommentarfeltet!
8 Comments
For ca 10 år siden drev vi (gutta) med gjenbruk på høyt nivå! Vi saumfarte IBM’s containere på Kråkenes for alskens dilldall. Vi likte oss godt på gjenbruksstasjonen også. Gutterommene våre fløt over av delvis defekte datamaskiner og komponenter som vi satt sammen til fungerende maskiner. Vi plukket opp hundrevis av disketter og om vi var heldig; en og annen CD. …for å nevne noe.
Det mest miljøvennlige jeg har gjort innenfor dataverdenen i dag, er å kjøpe maskiner fra Apple. De holder mye lengre enn en gjennomsnittlig windowsmaskin, noe som naturlig nok begrenser mengden søppel og hyppigheten av nye kjøp.
De har også skjerpet seg på hvilke miljøstoffer de har i maskinene, og satt i gang et eget returneringsopplegg for gamle maskiner.
Dagens apple-reklame :)
Sjølv var eg ikkje på gjenbruksstasjonen, men etterkvart som eg, bror min og naboen fekk huke tak i gamle maskiner gjorde me det same som du nemner over. Klarte me å få ei maskin som var 1 % raskare og hadde ein harddisk på 3 mb meir enn den gamle me hadde ståande, var me nøgde med dagens arbeid :D
Ein Mac er jo høgt på mi liste over ting eg har lyst på, men min fem år gamle HP-laptop durer og går like godt fortsatt. «Helsa» dens har kanskje samanheng med at eg sit på ein Mac på arbeidssplassen min. Det er som dei seier: An apple a day keeps the Doctor away…
Vel, jeg kjører ikke bil, jeg jobber hjemmefra og overfører det aller meste av informasjon digitalt!
Hvor miljøvennlige duppedingsene mine er, er en annen sak! Etter å ha sett litt på dokumentaren om mobilproduksjonen i bla Kongo (eller mineralutvinning) har jeg stygge anelser om at pc’en min, mobilen min, skriveren og alle de andre dingsene jeg er avhengig av ikke akkurat er helt «etter boka».
Uh, og jeg drikkr etisk kaffe og appelsinjuice! (miljø og etikk går litt i hverandre for meg…)
å ja, en Apple er nok mer miljøvennlig enn en gjennomsnittelig pc ja…
Kva er etisk kaffi? Er det kaffi produsert på kaffifarmer som vert drivne etter etiske retningslinjer? Ser Friele har satser på dette, men det stod ingenting nyttig i den artikkelen. Nytt for meg…
Hold deg unna bil så lenge du klarer, men for meg så er det praktisk når man har lengre avstander til ting og driv med oppussing av hus. Når me er inne på hus: Me nyttar det av materialane som er brukandes om att i huset, og noko av møblementet er skikkeleg snasent! Eg simpelthen elskar skrivepulten som stod att der :D
Når jeg sier etisk, så mener jeg feks retningslinjene Fairtrade jobber opp mot. Garantert minstepris til bøndene og arbeiderne, og at en viss sum av overskuddet skal gå tilbake til arbeiderne. Dette overskuddet skal brukes til å forbedre arbeidsvilkårne for arbeiderne, og dette skal arbeiderne selv være med å bestemme over.
Drikker disse;
http://www.farmers.no/
og denne;
http://dinmat.aftenposten.no/var/ezwebin_site/storage/images/media/images/farmers/544276-1-nor-NO/farmers_vertical.jpg
ble veldig mye bruk av «arbeidere», håper ingen norsklærere ser dette! :D
Ah, skjønner. Då lærte eg noko nytt i dag også!