Me har som (meir eller mindre) kjent fått oss hus på Stord, og i den anledning har kona mi og eg relansert vår bryllaupside til å verta ei side me fortel om livet der. Det vert nok ei overvekt av oppussingsoppdateringar no i starten, men om det vert for mykje av den type ting, kan du alltids lese om bryllaupet og sjå bileta frå den store dagen.
I anledning relanseringa av nettstaden vår kjem det nok forandringar på denne sida også – både når det kjem til det grafiske og innhald. Mykje å sjå fram til utover hausten og vinteren altså!