At skriftene mine er gratis er det mange som har fått med seg. At produsentar av dataspel har vore interessert i dei er kanskje nytt for dei fleste. No har skrifta mi Unintended vorte superstjerne i spelet Mevo and the Grooveriders.
Red Rocket Games har no sluppe spelet, og det kan lastes ned frå Steam. Eg har testa det, og det virkar ganske så artig, sett med barnlige auge. Det heile går nemleg ut på å samle poeng i ein funky verden á la Super Mario (ingen samanlikning forøvrig).
Min skrift er nytta i hovudmenyen på spelet under figurane og i rullefeltet der spelarnamnet står. Sjå biletet øverst i innlegget.
Prøv ut sjølv:
2 Comments
tilbakeping: Gangstar: West Coast Hustle
23. november 2009, 9.53
tilbakeping: «Oppsumering» er eit kjedeleg ord
1. januar 2010, 12.01