Nettlesaren som er standard på Mac OS X er no komen ut i ny betaversjon både for Windows og Mac. Safari ser ut til å ha mykje nytt snadder å by på. I tillegg skal nok visstnok Firefox 3.1 by på nye fiffige funksjonar…
Safari: Mykje digg, men…
For dei som bruker nettlesaren Opera, kan valget «Top Sites» i Safari virke kjent. Sjølv om kanskje Safari sin versjon er betre grafisk sett, fungerer nok den ikkje tilsvarande. Man kan nemleg ikkje velge sjølv kva sider som skal vises her, Safari velger nemleg utifrå kva sider som er mest besøkt. Men som nemnt er dette kun ein beta foreløpig, så dette kan endre seg plutseleg.
Historikken vises derimot på ein ny måte. I velkjent Apple-stil kan du velge å vise historien i Coverflow-modus slik du kan i operativsystemet til Apple, Mac OS X.
Firefox 3.1 med bevegelsessensor
Den nye utgåva av Firefox skal visstnok fungere som ein bevegelsessensor. I tillegg har den støtte for dei nye HTML 5 elementa video, audio og canvas.
(Oppdatert 25. februar, kl. 13.19)