Datateknologien går stadig fortare framover og det vert meir og meir frie program til disponering. Det var dermed ikkje overraskande at det hadde kome til området for skriftlaging også.
Sjølvsagt er det ikkje store rom for å feinsmekke skrifta, men resultatet vert brukbart likevel. Skal du lage ei god skrift bør du kanskje investere i eit Skriftprogram av typen Font Creator Program eller Fontlab. Men la oss ikkje spore heilt av her, det var vel gratis skrifter frå scrath me skulle snakke om…
Nettstaden YourFonts har eit online skrift-generator der du kan skrive ut ein plansje med teiknreferansar, skrive på med di eiga handskrift, for så å skanne det inn att for å opprette skrifta di. Det betyr at om 15-20 minutt kan du ha di eiga håndskrift på maskina di!