Eg jobbar støtt og stadig med å forbetre nettsida mi slik at du som lesar og brukar finn fram til det du leitar etter og ynskjer å lese. Eg vil gjerne ha ei tilbakemelding på om eg når målet mitt, eller om det er ting som kanskje kunne vore annleis.
Brukarvennlegheit i førarsetet
Grunnen til at eg spør, er fordi eg ynskjer at alt eg publiserer på sida kjem fram til brukaren på best mogleg måte. Til dette treng eg di hjelp. Mine spørsmål er då følgjande:
- Kva er viktig å presentere først og størst på framsida?
- Kva saknar du av stoff på framsida?
- Kva informasjon treng ikkje vere der?
- Meir (evt. mindre) grafikk på sida?
- Kva bør vere på innleggsidene?
Ser fram til flust med tilbakemeldingar under :D
4 Comments
Et tips kan være å begynne å skrive enten norsk eller engelsk…
Me lika ikkje svadanorsken din Sturla! :D
Skriv på norsk eg, tilogmed den nyaste utgåva av språket…
Du må ikkje forveksle norsk med dansk, det vert heilt klart feil :D
tilbakeping: Ny epoke
1. april, 2009 – 12.01