Om du er ein av dei som sit på gutte-/jenterommet og ikkje heilt får til dette med å få implementere ditt nye og fantastiske design inn i WordPress, har eg funne boka som kanskje kan løyse dine utfordringar.
Eg har fått eindel førespurnader om korleis eg lager designet mitt, og korleis eg får det til å funke så bra med WordPress. Eg har tidlegare svart så godt eg kunne, og henvist dei vidare til WordPress si eiga side for nybyrjarar. No har eg derimot funne ei bok som forklarar i detalj korleis man skal kome fram til eit godt resultat.
Boka Rockstar WordPress Designer er eigna for alle som kan, og ikkje kan, noko særleg om PHP og HTML, men som gjerne vil få eit velfungerande tema opp og gå. Boka guider deg gjennom korleis du set opp tre temaer: Ein blogg, ein portefølje og ei generell side med menyer og undermenyer. Saman med boka får du også CSS, HTML, WordPress PHP og Photoshop-filer til bruk i desse veiledningane.
4 Comments
Fantastisk tittel!
Den kom heilt naturleg :)
Åhh, jeg elsker at du sier jenterommet. Virtuell klem er herved sendt, og du er lagt til rss leseren som takk!
Flott blogg også!
Halle palle! Det skulle jo berre mangle :D Og takker for tilbakemelding! Har vore eit par småturar innom din også (via Anders sin) – meget bra stoff!
Legg den til min bloggrull asap zulu, om ikkje det er noko problem…