Jula er såvidt overstått, og den siste fredagen i 2008 er eit faktum. Igjen står berre kalkun og farleg lek med fyrverkeri att før me må læra oss å skrive datoer med 2009 på slutten. Fortvil ikkje! Her kjem vertfall noko fredagsknask som ikkje er års-avhengig.
Apple Mactini
Me startar med den fantastiske nyheita om at Apple no har lansert nye fantastiske produkt. Apple Mactini kan sjåast i videoen under:
Bobbleheads
Ja, eg veit at julegåveinnkjøpa er unnagjort for lengs og at det ikkje er så mykje igjen i kassa til å kjøpe noko nytt og spanande. Men om det mot formodning skulle vere det, altså meir peng i kassa, kan kanskje ei dukke frå Boobleheads vere tingen?
Ninjaskulen
Flogged Magazine
Om ditt design er vorten vraka utan at du skjønner kvifor, send det til Flogged Magazine.
CSS
Er du ein ihuga CSS-kar/dame, og likar å få nyss om gode og kanskje også relativt nyttige verktøy som kan gjere kode-kvardagen litt enklare? Då skal du ta ein titt innom Smashing Magazines «50 Extremely Useful And Powerful CSS Tools».
Brusher
Frå Media Slap kan du kjøpe kvalitetsbrusher til Photoshop. Dei har også rundt 15 brusher til gratis nedlasting (via Design Shard).
Ikoner
Er det noko man sjelden vert lei av i eit design er ikoner som piffer opp ei nettside. Har samla saman eit lite knippe av gratis ikon her:
Om man har lyst å lære grunnprinsippa bak ikon-design, kan SoftFacade hjelpe deg i denne artikkelen. Om du vil vite korleis du skal unngå vanlege fallgropar, kan også denne artikkelen tenne eit par ljos.
Sjekk ellers også fleire opplistingar av gratis ikon her.
Månadens design-funn:
- SuperLover – Justin M. Maller australsk illustratør/art-director
- upstruct berlin oslo as norsk design studio
- Function webdesign og utviklerblogg
- Design Shard design blogg
- Identityworks bedriftsidentitet
- Komodomedia designer blogg
- Lewro’s blog designer blogg
- Layers Magazine The How-To Magazine