Få det inn med teskjei

Som ein ihuga grafisk designer møter man stadig på nye utfordringar innanfor denne sjangeren. Står man fast pleier man å søkje informasjon og hjelp av anten medarbeidarar eller rett og slett spørre Google. Om man vil gå direkte til gode resultat, kan eg anbefale veiledningssidene (tutorialsene) til Envato.

Envato tutorials

Som ein ihuga grafisk designer møter man stadig på nye utfordringar innanfor denne sjangeren. Står man fast pleier man å søkje informasjon og hjelp av anten medarbeidarar eller rett og slett spørre Google. Om man vil gå direkte til gode resultat, kan eg anbefale veiledningssidene (tutorialsene) til Envato.

Dette er sider eg nesten til dagleg er innom for å finne svar på både små og store designproblemer. Om du registrerar deg og abonnerer på tjenesta får du tilgong til eit endå større univers (også så fint kalla «Plus»). Sidene er lagt opp slik at du enkelt finn fram til det du er ute etter på ein grafisk fin måte.

Under skal eg prøve å gje deg eit kort resymé på kva dei forskjellige inneheld av snadder…

Audiotuts

Audiotuts

Denne har eg personleg aldri brukt, men reknar med at den holder same gode nivå som dei neste sidene under. Uanskvett vil du her få veiledningar gjennom audio-kvardagen, lyd-relaterte artikler, videoer og gratis nedlasting av lydklipp som du kan bruke.

Nettuts

Nettuts

Denne har eg kun fått benytta meg av dei siste dagane, ettersom eg først oppdaga denno tidleg i desember. Her kan du finne veiledningar, videoar og artiklar som spenner seg over temaene HTML, CSS, Javascript, CMS-er, PHP og Ruby on Rails. Gratistinga du kan finne på denne sida er ikoner, skript med meir.

PSDtuts

PSDtuts

Dette er kanskje flaggskipet til Envato når det kjem til antall besøkjande og popularitet/bruk. Utifrå min RSS-lesar vert det lagt til frå fem til ti nye saker kvar dag. Den er med andre ord smekka full med artikler og veiledningar med profesjonelt blikk og detaljer (her får man ting inn med teskjei), er dette ei side einkvar Photoshop-brukar bør leggje til blant bokmerkene sine. Gode og velforklarande videosnutter er å finne også her. Også her er det gratis nedlasting av brusher og diverse til Photoshop.

PS: Denne veka (frå 1. til 8. desember) er det Web-veke hos PSDtuts, og dermed kan du hente ekstra inspirasjon og hjelp til dine nett-behov.

Vectortuts

Vectortuts

Vektor er ein fin grafikktype å jobbe med, og på Vectoturs får du også flust av artiklar, videoar og veiledningar for å kunne gjere omverda litt meir stilfull. Sjølv om bruken av Adobe Illustrator er overrepresentert, er artiklane såpass detaljerte av du kan bruke kva slag vektorprogram du måtte ynskje. I likheit med alle dei andre nemnte sidene, vert du også her tilbydd gratis nedlasting av meir eller mindre nyttige ting til bruk i ditt design.

PS: Dette innlegget har eg også publisert på NorskDesignForum.no.

AEtuts

2. februar 2009: Ser i ettertid at Envato har starta ei slik side for After Effects også. Sjekk innom AEtuts for meir informasjon.

5 Comments

Envato har verkeleg satt standarden for korleis ein skal gjere tutorials på nett. At dei faktisk også betaler ein god slump med pengar dersom ein sender inn ein god tutorial viser jo også at dei set fokus på kvalitet :)

Kva blir neste *tuts? Flash?

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.