Når eg til dagleg surfar rundt på verdsveven etter nye designsprell dukkar det opp artige ting og tang på min veg. Blant anna er eg ofte innom sider som viser gode, og av og til artige måtar å reklamere eller opplyse om ting.
Smart
Eit eksempel er denne eg fant hos Adtention, som er eit godt eksempel på original reklameplassering for bilprodusenten Smart:
Klikk for større utgåve.
Døve
Reklamen over er også ein ting eg fant hos ovannemnte blogg, denne gong for dei som høyrer svakt, eller rett og slett ingenting. Fin måte å gjere det på med tanke på typografi/tekst brukt i videosammenheng.
Rubiks Kube
Ettersom Rubiks Kube feirer 25-årsjubileum i år, passa det å lage ein litan reklamefølgjetong. Dette har I Believe in Advertising presentert her. For oss andre som heller liker puslespel, ja då har humor-nettstaden Joe-ks dette forslaget å kome med: