August er ein månad der folk flest byrjar å studere, og rushet av studenter som får seg eit nytt krypinn har byrja å lagt seg. Med det fylgjer stresset med å skaffe seg billige, eller helst gratis ting som kan pryde det nye krypinnet. Difor har eg bestemt meg for å hjelpe dei litt på veg ved å gi (vertfall nesten) og selge bort enkle, men særs praktisk møblement. Klikk på lenkjene under for å komme til annonsene med meir beskrivelser:
- IKEA databord, med skuff- og hylleseksjon, av typen «Sonne»
- IKEA lampeskjerm av typen «Skimra»
- Logitech Z340 (data)høgtalarar
- Nokia 14″ farge-tv med fjernkontroll og tekst-tv
Sumaren er over
Det er ikkje alt som varer evig, ei heller sumaren. Arbeidskvardagen er byrja igjen, og ferien er kun igjen i minnet (dobbeltlagra både på minnepinnen til kameraet og i hovudet). Skal kome tilbake med oppsumeringa av sumarens fantastiske hendingar om litt. Stay tuned!