Det er fredag, helg og på tide å få ein god latter eller to, og eit par ting å bookmarke før helga setter inn for fullt. Difor har eg, som den snille mannen i gata, samla eindel knask som du kan kose deg med.
Jokes 2.0
For dei aller fleste webdesignere er begrepet Web 2.0 velkjent, og dermed også mest sannsynleg koding av både HTML og CSS. Det bringer oss til avdeling for nerde-vitser. Kev Adamson holder til her, og har posta ei liste over spørsmål og svar i denne bloggen. Her er eit utdrag:
A. Because: .pillow { padding: 100px; }
Web-ikon
Speckyboy har gitt oss den gleda ved å beskue, og dermed velge blant dei 40 beste ikon-setta som er å finne på nettet. Under får du topp 5:
Komplett liste finner du her.
Veldesigna nettsider
Det finnes mange flotte og velsmurte nettside, som igjen har ført til listeoppføringer både her og der. For å ta den heilt ut, så tenkte eg at eg skulle likegod lage ei aldri så lita liste over sider som har lista opp dei meir eller mindre fine nettsidene der ute.
- Andy Budd: Well Designed CSS Sites
- Designerstalk: Logo / Branding Links
- Norsk Webforum: Inspirasjonslinker
- Best Web Galley
- CSS Manía
For dei som ikkje har lest Naiv Super og ikkje liker lister:
- Jonathan Yuen
- CSS House (ikkje akkurat ei fin nettside, men alt er laga vha. CSS)
- The Webby Awards
- The Pixel
- CSS Zen Garden (mange forskjellige CSS-design)
Dette var kanskje ikkje dei største listene du hadde sett, men det er jo minimalt kva eg klarer å finne på ein fredag. Synest du dette var alt for lite, ja, så har du jo alltids Google…
Sjekk også ut denne sida for meir inspirasjonslenkjer.
1 Comment
tilbakeping: Knask på ein fredag: Veke 34
22. august, 2008 – 08.00