Det å gråte er vel kjent som noko oss menn gjer ytterst sjelden. Sjølvsagt kan det, eller meir riktig, finst det unntak. Kvifor tar eg dette temaet opp? Jo no skal du høyre… Dette retter seg helst mot alle dere eldre damer som tar bussen om morgonen, særleg på dager det regner.
For det første så vart det litt seint i går. Ikkje fordi eg feira til langt utpå natta, men etter ei helg med grillparty og vandring i sentrum under gullfeiring (med påfølgande køkaos), er det alltid noko som dukker opp «svarte Per» dagen derpå.
I morges, på bussen, satte eg med ned og kjente at augo mine lyste raudt ut i verda. Det føltes som fint sandpapir som gnikka seg fint mot kantane av augelokket. Etterkvart som bussen tura mot sentrum, kom det fleire og fleire mennesker på. Du har tre typer mennesker om morgonen: Dei morgontrøtte, dei morgonkvikke og til slutt «Den eldre dame-generasjonen». Den med oljehyrefrakk som knitrer så infernalsk at øyro bryter ut i evig smerte og parfyme som stikker deg til dødes opp i nesebora. Og det stoggar ikkje der. Om ikkje augo var nok pint frå før, så vart dei vertfall det no. Tårene prøvde febrilsk å slokke den sviande smerten som no hadde oppstått, men til ingen nytte. Eg vart blind. Eg hadde fått to innsjøar i staden for to velfungerande auge.
Etter ti smertefulle, evig lange minuttar kunne eg igjen kjenne duften av dagens «friheit» ute blant morgonrushet sitt velduftande aura av eksos og svevestøv.
Velkomen til ei ny veke, det er måndag.
1 Comment
Eg elsker deg Eppen min!!!