Etter kvart som dagane går, og klokka svirrar rundt seg sjølv ganske så mange gongar i løpet av eit døgn, møter man på mange meir eller mindre underfundige ting. Dagleg ser me vel alle på klokka, men har du nokon gong vore borti at du ser på klokka til samme tid stort sett kvar dag, og at det tallet minner deg om noko?
Når eg sit på Mac’en på jobben tittar eg titt og ofte opp på klokka i høgre hjørnet, og særleg når det byrjar å nærme seg å komme seg heim. Men støtt og stadig støytar eg på klokka når den viser 14.06. Aldri 14.02 eller 14.07 – ALLTID 14.06. «Er det noko spesielt med det klokkeslettet, da?» tenkjer sikkert du. Vel det er jo fødelsesdagen min, så det er jo noko spesielt om du spør meg… Men er det nokon spesiell forklaring på slikt?
Når me er inne på spesielle ting:
Kvifor er det slik at folk som skal PÅ bussen ikkje rikker seg og gir plass til dei som skal AV? Kvifor må mange vente med å finne fram busskortet til dei kjem fram til kortlesaren? Og til slutt: Kva er eigentleg grunnen til at unge og friske ungdomar ventar på at heisen kjem ned frå 13 etasje, for så å ta den opp i første, når det er trapp rett i nærleiken?
…og ikkje minst på ein dag som denne:
Vil berre seie gratulere med dagen til mi kjære Renate som har bursdag i dag! Tjohei! Eller, som me seier: «Sjo-hei!»
(Må vel kanskje gratulere Brann med gullet i samme slengen, dog det ikkje er så altfor viktig. Eller tar eg feil?)
1 Comment
Ja, har faktisk tenkt på det med klokkeslettet selv. Opplever ofte at når jeg sitter på PCen om kvelden, og jeg kikker på klokka, er den nesten alltid 22.23, og jeg tenker: «F**n», fordi da er det 7min til jeg uheldigvis må legge meg.
Og, ja.
Hipphipphurra. Og «Sjo-hei!».