Skiseiling på Finse med DNT-Ung

Finse var plassen å vere no i helga (13.-15. april). Vertfall for oss 12 som hadde meldt oss på DNT Bergen Ungdomsgruppen sitt Skiseil- og kite-kurs. Etter eit kjapt introduksjonsmøte med resten av deltakarane var det tid for eit kort møte med instruktørane om sikkerhet og generell bruk av skiseil. Her fekk me vite korleis me skulle forholde oss til vind og ver, litt historie og visning av film som motivasjon.

Rasting ved Finse på veg til Hardangerjøkulen

Finse var plassen å vere no i helga (13.-15. april). Vertfall for oss 12 som hadde meldt oss på DNT Bergen Ungdomsgruppen sitt Skiseil- og kite-kurs. Etter eit kjapt introduksjonsmøte med resten av deltakarane var det tid for eit kort møte med instruktørane om sikkerhet og generell bruk av skiseil. Her fekk me vite korleis me skulle forholde oss til vind og ver, litt historie og visning av film som motivasjon.

Vind?

Dagen etter, på lørdagen vakna me tidlig. Tidspunktet for dagens start var det i starten uenighet om, men etter det dagen til slutt bydde på, var det ikkje så dumt likevel. Til tross for strålande sol frå skyfri himmel og totalt vindstille, såg det først mørkt ut for at kurset kunne verta noko amputert. Men me hadde gode instruktørar som hadde vore ute ei vinternatt før, eller rettare sagt; ein vindstille vinterdag, som visste rød. Me tok beina fatt og vandra opp utforløypa på nordsida av Finse 1222, og enda opp på flata mellom Jomfrunuten og Sanddalsnuten. Her var det vind – dog kun i litt over ein time. Men det var tid nok til at alle fekk seilet opp og prøvd seg på forskjellige manøver. Etter 4-5 timer bestemte de fleste seg for å dra tilbake til Samfunnshuset kor me holdt til. Nokre av oss vart igjen i håp om at vinden skulle ta seg opp. Etter ein god time kjende me igjen drag av vind, men undertegnede hadde ikkje tru på at det ville vare særleg lenge, så eg vandra ned att eg også. Men det var ikkje noko sjakktrekk ettersom det varte ei god stund, etter smila på dei fire som vart att for å sjekke ut dei siste draga…

Etter alle hadde kome heilskinna og solbrente tilbake til Samfunnshuset, kunne kokkane diske opp med laks og pasta med fløytesaus og pesto til kvelds.

Hardangerjøkulen

Søndagen vart den desidert finaste og mest opplevelsesrike dagen på kurset. Denne dagen hadde som gårsdagen, total mangel på vind. Atter ein gong måtte me dra dit vinden grodde, eh, blåste. Me bestemte oss for å dra frå Finse 1222 til Hardangerjøkulen for å sjekke ut forholda der. Instruktørane hadde høyrt rykte om gode forhold der dagen før, så det var store sjanser for at dette var dagen.

Etter omtrent 3 timers vandring på ski, kunne me endeleg opprette «basecamp» på jøkulen, og flekke opp skiseila me hadde dratt med oss. I følgje instruktørane oppnådde me stort sett ikkje meir fart enn 30-40 km/t, men for oss «nybegynnarar» føltes det virkeleg ut som me suste endå fortare bortover snøen. Enkelte av oss klarte å oppnå eit lite lufting svev over bakken, men ingenting kunne slå det instruktørane viste oss av slike kunster.

Me kunne ikkje anna nyte det vinden hadde å tilby oss, og utnytte det til det fulle før me måtte pakke sammen og dra tilbake for å rekke toget.

To mørbanka bein og eit tomatrødt ansikt seinare kan eg bekrefte at dette er noko eg kan anbefale til alle som liker fart, spenning og ein god dose adrenalin i kroppen. Og det er ikkje ofte man sei at man har seilt på Hardangerjøkulen…

Relaterte linker

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.