Etter 2 års jakt, har eg endeleg fått meg eit heilt eget husrom! Forsvaret har forsåvidt øydelagt det siste året av jakta, men likevel. Det er ikkje store greiene, men den er stort sett perfekt for meg og mine hybelkaniner (dei klarer alltid å snike seg med på lasset under flytting, skjønner ikkje det der…). Den ligger i Fyllingsdalen rett i utkanten av Bergen sentrum, så eg har ikkje havna ut i intet.
Når eg har kome meg etter å ha blakka meg sjølv for penga, må eg ta til å ordne ting her og der, men det er slike ting som heldigvis kan taes på sikt. Dog eg har null møbler, så her får eg ein liten utfordring ;) Men har allerede fått nyss om at ein sofa og ei enkel seng skal kunne skaffast ganske rimelig, om ikkje gratis, fra opphavet.
Leiligheten er rundt 50 kvadrat og rommer stue, kjøkken, soverom, bad, bod og entre. I tillegg har eg ein 15 kvadrat stor veranda med sol om ettermiddag/kveld. Kan ikkje vente med å få fyrt opp grillen og kose meg der!