Har atter ein gong kome meg heim att frå tokt med KNM Narvik. Denne gangen seilte me ruta som alle hurtigrutene seiler til daglig, nemleg frå Bergen til Kirkenes. Det var ein usedvanleg vakker tur.
Aldri hadde eg trudd Nord-Norge skulle vere så fint på denne årstida. Men sjølv om veret viste seg frå si aller beste side, var det likevel fortsatt brunt og grått landskap over alt. Men frå havsida (nytt ord frå i dag av…) kunne eg få tatt masse flotte naturbilete.
Har samla sammen eit par bilete frå turen i fotoalbumet mitt. Blant anna frå Kirkenes, Barentshavet, Tromsø, Trollfjorden, for å nemne nokre av plassane me besøkte.